Fellesferien er ved vegs enda, og vi går ein annleis skulestart i møte. Både barn og vaksne må førebu seg på ein kvardag utanom det vanlege, sidan coronaviruset framleis set sitt preg på samfunnet vi lev i. Elevar over heile verda risikerer å måtte opphalde seg heime i si eige stove utover hausten, når dei eigentleg skulle ha vore på skulen. Uavhengig av kvar undervisninga vil finne stad, så skal det ikkje gå ut over kvaliteten.
Barna i den norske skulen har ikkje hatt tilgang på den undervisninga som dei er vant til på nærare fem månader. Fleire alternativ har vorte reiste, og med hovudvekt på videosamtalar og heimelekser har skulekvardagen vorte snudd på hovudet.
Ifølgje utdanningsdirektoratet er det viktig å finne aktivitetar og oppgåver som eignar seg for elevane til å jobba med heimanfrå. Prinsippa for god læring og vurdering gjeld òg no som ein blir nøydd til å halda til meir tid heime, sjølv om lærarane må finne litt andre løysingar.
Å oppnå dei same resultata som før i denne situasjonen, kan vere vanskeleg. Så kva tiltak kan bli gjort for å engasjere elevane i ein kvardag der dei har pensum å komma seg igjennom, utan fordelane dei får ved å gå på skulen? Eit tiltak som blir støtta av forsking, er spelbasert læring.
Forsking viser at spelbasert læring kan gjere undervisning og læring lettare for fleire.
Ved å flette spel inn i undervisninga, bidrar ein nemleg ikkje berre til variasjon i læringsprosessen. Forsking viser at spelbasert læring kan gjere undervisning og læring lettare å forstå for fleire, noko som kan hjelpe svært mange barn som finn det krevjande å konsentrera seg i klassisk skuleundervisning. Spelbasert læring bruker spel som ein læringsarena, slik at læringa blir gøy og dermed enklare å forstå.
Eit naturleg resultat av det å måtta halde seg heime i det teknologiske samfunnet vi lever i, er meir skjermtid. Kvifor ikkje nytte denne tida til noko som barn vil kome til å få bruk for seinare i livet?
Mattespelet Numetry er utvikla for- og med barn for å gjere matematikk så morosamt som mogleg. Erfarne spelutviklarar og dyktige lærarar har medverka i prosessen for å vise barn at matematikk er både morosamt og nyttig. Ved hjelp av historier som fangar, morosame karakterar og kule design har Numetry vorte eit spel som engasjerer og motiverer barn til å læra seg matte, utan at dei i det heile tatt tenker over at dei går igjennom pensum.
Så lenge skulesituasjonen er som han er, er spelbasert læring eit tiltak som kan hjelpe svært mange barn til å komma seg igjennom pensum på ein god og engasjerande måte.
Hjernen arbeider på mange måtar likt som fleire dataspel. Menneskjer tenker og lærer gjennom erfaringa dei har hatt, og vurderer situasjonar basert på desse erfaringane.
Forsking på spelbasert læring viser at elevane er meir engasjert, aktive, motiverte og at dei blir underhaldne i større grad når dei lærer via spel. Det finst fleire måtar å flette spel inn i skulekvardagen på.
Det har no gått fem månader sidan Noreg stengte ned for alvor som følgje av coronaviruset. Det kan vere vanskeleg å vita korleis ein skal handtera den nye kvardagen på best mogleg måte, men vi står no overfor ei tid der det beste ein kan gjere er å utnytta situasjonen. Då er det mange grunnar til å ty til spelbasert læring. Dessutan, så skader det aldri å prøve ut noko nytt!
Ved å teste ut kule og lærerike spel som bidrar til positiv skjermtid, vil det oppstå ein vinn-vinn-situasjon for både forelder og barn. Spelbasert læring har komme for å bli, noko som vil bidra til eit større og betre læringsutbytte. Så, kva ventar du på? Test ut Numetry i dag!
Kjelde 1, https://edu.usn.no/spillbasert/
Kjelde 2, http://digitaldidaktikk.no/refleksjon/detalj/spillbasert-laering
Andre kilder:
https://hubro.education/no/blogg/post/gamification-og-spillbasert-lring