Numetry – Personvern

  1. Om personvernerklæringa Denne personvernerklæringa gjev informasjon om korleis Eduplaytion AS, org. nr.: 921 181 647 («Eduplaytion») samlar inn og nyttar personopplysningar, og dei rettane du har når vi behandlar personopplysningar om deg.

    Erklæringa vil bli oppdatert fortløpande.

  2. Nyttige omgrep Personopplysningar er informasjon som kan knytast til deg som enkeltperson, slik som namn, telefonnummer, e-post, bilete, IP-adresse, m.v.

    Behandling er ei sekkenemning for alt som er mogleg å gjere med ei personopplysning, slik som å samle inn, lagre, analysere og samanstelle. Ofte vil ei behandling omfatte fleire slike operasjonar.

  3. Kontaktinformasjon – ansvarleg for behandlinga av personopplysningar Eduplaytion ved dagleg leiar Kristoffer Engebø Hundershagen har det overordna ansvaret for all behandling av personopplysningar som skjer innafor verksemda. Det er Eduplaytion som bestemmer føremålet med behandlinga og kva hjelpemiddel som skal brukast.

    Dersom du har spørsmål om vår behandling av dine personopplysningar, er du alltid velkommen til å kontakte oss på følgande e-postadresse:  [email protected]

  4. I kva tilfelle behandlar vi personopplysningar? 4.1 For å kunne levere våre tenester:

    Eduplaytion tilbyr digitale lærartenester. For at vi skal kunne kommunisere med deg og til dømes sende deg innloggingsinformasjon dersom du skulle gløyme passordet ditt, ber vi om telefonnummer og e-post når du kjøper eit abonnement.  Når du betaler for ein av våre tenester, ber vi deg registrera betalingskortdetaljar eller kredittkortinformasjon hos ein av våre betalingsleverandører Stripe (Stripe, Inc.) eller Vipps. Ingen kortopplysninger lagrast hos Eduplaytion, og ditt forhold til betalingsleverandørane regulerast av din eigen avtale med dei.

    Gratis spill-kontoer som ikkje er knytta til eit betalt abonnement, er anonyme. Det medførar at vi ikkje hentar inn, prosesserer eller vidareformidlar persondata på slike konti. Dersom spillere sin konto er oppretta i skoletida i regi av en lærar, gjeld det same. Persondata innhentes kun etter forhåndsgodkjenning av desse vilkår av ein føresett som betaler for tenesten.

    Dersom du kontaktar oss via chat eller e-post på våre nettstader, lagres din IP adresse sammen med eventuelt e-post adresse eller øvrige opplysninger du selv legger inn.

    Når du nyttar tenesta vår, lagrar vi interaksjonen din med Numetry, inkludert besøkte og løyste spelmodular. Vi gjer dette for å dokumentere din framgang, tilpasse innhaldet til det nivået som passar for deg, og for å starte tenesta på same stad som du fullførte den siste økta på eit seinare tidspunkt. Denne informasjonen er imidlertid anonymisert dersom du har gratis spill-konto hos oss. Dersom du (eller dine føresette) har betalt for ein spillkonto, vil slike data være knytta til den føresettes namn i vår database. Den enkelte spelar (som regel barn) forblir såleies anonym for oss.

    Grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 (1) b), som tillét behandling av personopplysningar når det er naudsynt for å oppfylle ei avtale som den registrerte er part i.

    4.2 For å tilby ei meir skreddarsydd brukaroppleving:

    Dersom du er abonnent hos oss, og ikkje bruker gratis-konto, vil vi kunne spore data om ditt bruksmønster for å tilpasse og optimalisere din brukaroppleving.

    Grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 (1) a), som tillét behandling av personopplysningar når den registrerte har samtykka til det.

    4.3 For marknadsføringsføremål:

    Vi ynskjer òg å kunne kontakte deg med tilbod frå oss som vi trur er av interesse for deg. Føremålet med behandlinga er å marknadsføre våre tenester. For eksisterande kunde har behandlinga grunnlag i marknadsføringslova (mfl.) § 15 tredje ledd (unntak for førehandssamtykke til elektronisk marknadsføring for «eksisterande kundeforhold». Vi har dokumenterte tiltak og rutinar som sikre at databasen som brukas til marknadsføringsføremål har grunnlag i anten samtykke eller mfl. § 15 tredje ledd.

    4.4 Bruk av informasjonskapslar:

    Vi nyttar informasjonskapslar på våre nettstader og i tenesta vår. Føremålet med å nytta informasjonskapslar er å forbetre din oppleving av vår teneste. Du kan lese meir om kva for informasjonskapsler som nyttes, og administrere kva for informasjonskapslar du ønskjer å godta og ikkje her. Ved å analysera din brukaråtferd ved hjelp av informasjonskapslar kan vi tilpasse innhaldet og funksjonane til tenesta og dermed gjere besøket ditt meir organisert og meir meiningsfylt for deg. Enkelte informasjonskapslar er dessuten nødvendige for at nettstaden skal fungere på din nettleser.

  5. Kvar hentast opplysningane inn frå? Normalt blir personopplysningane henta inn direkte frå deg, ved at du besøker vår heimeside.

  6. Mottakarar av personopplysningane og bruk av underleverandørar Eduplaytion nyttar underleverandørar (databehandlarar) og lagrar dine personopplysningar i forskjellige skytenester i EU/EØS-området. Vi har inngått databehandlaravtalar med våre databehandlarar for å sikre at personopplysningane berre blir behandla i tråd med våre dokumenterte instruksar og i tråd med krava i personvernforordninga.

    MICROSOFT IRELAND OPERATIONS LTD

    Leverandøren nyttes til drift av e-post tenester, filtener, og webserver. Datasenteret står i Oslo. 

    AMAZON WEB SERVICES EMEA SARL, NORWEGIAN BRANCH

    Leverandøren nyttes til å drifte websidene våre, spillet Numetry, kontrollpanel for lærare/foreldre og tilhørande databaser. Datasenteret står i Stockholm. 

    Intercom r&d unlimited company

    Leverandøren drifter chat-tenesten og kundeservice-løysninga på våre nettstader. Leverandøren befinner seg i Irland. Via databehandleravtale dei har med sitt morselskap Intercom, inc kan data du utveksler med vår kundeservice overføres til USA. Dette gjeld kun når du kontaktar oss via chat-tenesten eller e-post, og omfatter de opplysninger du selv har skrevet til oss, samt din IP adresse, tidspunkt for henvendinga, og kva for eit operativsystem du bruker. Denne informasjonen er naudsynt for at vi skal kunne yte effektiv kundeservice og/eller teknisk feilsøk. Du kan lese Intercoms personvernerklæring her.

    Vipps AS

    Dersom du vel å betale med Vipps ved kjøp hos oss, videresendes du til Vipps AS for sikker betaling. Vi overfører samtidig opplysning om ditt mobilnummer, valgt produkt og pris. Vipps nytter eit datasenter i Noreg, og din relasjon til dei reguleres av Vipps AS sine eige bruksvilkår. Deira personvernerklæring kan du lese her.

    Stripe Payments Europe, Ltd

    Dersom du vel å bruke betalingskort i staden for Vipps ved kjøp hos oss, videresendes du til Stripe Payments Europe, Ltd sine nettstader for sikker betaling. Vi overfører samtidig opplysning om valgt produkt og pris. Din relasjon til Stripe reguleres av Stripes bruksvilkår. Du kan lese Stripes personvernerklæring her

    Ut over dette gjer vi ikkje personopplysningane dine vidare til tredjepartar, med mindre vi er rettsleg forplikta til slik utlevering.

  7. Kor lenge lagrar vi personopplysningane vi samlar inn? Personopplysningar skal normalt ikkje lagrast utover det som er naudsynt for å oppnå føremålet med behandlinga.

    Vi lagra dine personlege data så lenge du bruker Numetry og to år etter at abonnementet er avslutta. Vi gjer dette fordi vi ynskjer å kunne nå deg som tidlegare har nytta tenesta vår med målretta tilbod.

    Dersom lova krev det, kan det hende vi må lagre viss informasjon i ei lengre periode, og vi kan òg lagre informasjon dersom det er nødvendig for å oppfylle vår avtale med deg (i desse tilfella er vår behandling av dine personopplysningar ikkje basert på samtykke, og då kan det heller ikkje trekkast tilbake).

  8. Dine rettar Ved å kontakte oss (sjå kontaktinformasjon under) kan du krevje innsyn i, retting av og/eller sletting av dine personopplysningar. Vi har da plikt til å behandle din henvendelse innen 30 dager.

    Du kan og be om å få vite kvifor vi behandlar personopplysningane, namn på eventuelle mottakarar, informasjon om kor lenge opplysningane er venta å bli behandla, og kvar opplysningane stammar frå.

    Du kan når som helst velje å trekke tilbake ditt samtykke, men berre for den delen av vår behandling som er basert på samtykke. I så fall sletter vi brukarkontoen din.

    Du kan lese meir om dine rettar på heimesidene til Datatilsynet. Du har og rett til å klage til Datatilsynet over vår behandling av dine personopplysningar.