Numetry – Personvern

  1. Om personvernerklæringa

    Denne personvernerklæringa gjev informasjon om korleis Eduplaytion AS, org. nr.: 921 181 647 («Eduplaytion») samlar inn og nyttar personopplysningar, og dei rettane du har når vi behandlar personopplysningar om deg.

    Erklæringa vil bli oppdatert fortløpande.

  2. Nyttige omgrep

    Personopplysningar er informasjon som kan knytast til deg som enkeltperson, slik som namn, telefonnummer, e-post, bilete, IP-adresse, m.v.

    Behandling er ei sekkenemning for alt som er mogleg å gjere med ei personopplysning, slik som å samle inn, lagre, analysere og samanstelle. Ofte vil ei behandling omfatte fleire slike operasjonar.

  3. Kontaktinformasjon – ansvarleg for behandlinga av personopplysningar

    Eduplaytion ved dagleg leiar Kristoffer Engebø Hundershagen har det overordna ansvaret for all behandling av personopplysningar som skjer innafor verksemda. Det er Eduplaytion som bestemmer føremålet med behandlinga og kva hjelpemiddel som skal brukast.

    Dersom du har spørsmål om vår behandling av dine personopplysningar, er du alltid velkommen til å kontakte oss på følgande e-postadresse:  [email protected]

  4. I kva tilfelle behandlar vi personopplysningar?

    4.1 For å kunne levere våre tenester:

    Eduplaytion tilbyr digitale lærartenester. For at vi skal kunne kommunisere med deg og til dømes sende deg innloggingsinformasjon dersom du skulle gløyme passordet ditt, ber vi om telefonnummer og e-post når du kjøper et abonnement.  For at vi skal kunne ta i mot betaling for våre tenester, ber vi deg registrera betalingskortdetaljar eller kredittkortinformasjon hos vår betalingsleverandør Stripe (Stripe, Inc.). Vi tilbyr òg betaling via Vipps.

    Gratis spill-kontoer som ikke er knyttet til et betalt abonnement, er anonyme. Det medfører at vi ikke innhenter, prosesserer eller videreformidler persondata på slike konti. Dersom spillerens konto er opprettet i skoletiden i regi av en lærer, gjelder det samme. Persondata innhentes kun etter forhåndsgodkjenning av disse vilkår av en foresatt som betaler for tjenesten.

    Når du nyttar tenesta vår, lagrar vi interaksjonen din med «Numetry», inkludert besøkte og løyste spelmodular. Vi gjer dette for å dokumentere din framgang, tilpasse innhaldet til det nivået som passar for deg, og for å starte tenesta på same stad som du fullførte den siste økta på eit seinare tidspunkt. Denne informasjonen er imidlertid anonymisert dersom du har gratis spill-konto hos oss. Dersom du (eller dine foresatte) har betalt for en spillkonto, vil slike data være knyttet til den foresattes navn i vår database. Den enkelte spiller (som regel barn) forblir således anonym for oss. 

    Grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 (1) b), som tillét behandling av personopplysningar når det er naudsynt for å oppfylle ei avtale som den registrerte er part i.

    4.2 For å tilby ei meir skreddarsydd brukaroppleving:

    Dersom du er abonnent hos oss, og ikke bruker gratis-konto, vil vi kunne spore data om ditt bruksmønster for å tilpasse og optimalisere din brukeropplevelse.

    Grunnlaget for behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 (1) a), som tillét behandling av personopplysningar når den registrerte har samtykka til det.

    4.3 For marknadsføringsføremål:

    Vi ynskjer òg å kunne kontakte deg med tilbod frå oss som vi trur er av interesse for deg. Føremålet med behandlinga er å marknadsføre våre tenester. For eksisterande kunde har behandlinga grunnlag i marknadsføringslova (mfl.) § 15 tredje ledd (unntak for førehandssamtykke til elektronisk marknadsføring for «eksisterande kundeforhold». Vi har dokumenterte tiltak og rutinar som sikre at databasen som brukas til marknadsføringsføremål har grunnlag i anten samtykke eller mfl. § 15 tredje ledd.

    4.4 Bruk av informasjonskapslar:

    Vi nyttar informasjonskapslar på våre nettstader og i tenesta vår. Føremålet med å nytta informasjonskapslar er å forbetre din oppleving av vår teneste. Ved å analysera din brukaråtferd ved hjelp av informasjonskapslar kan vi tilpasse innhaldet og funksjonane til tenesta og dermed gjere besøket ditt meir organisert og meir meiningsfylt for deg. Enkelte informasjonskapsler er dessuten nødvendige for at nettsiden skal fungere på din nettleser. Du får oversikt over informasjonskapslene og hva de gjør, samt mulighet til å velge dem bort, når du besøker vår nettside første gang. Dersom du ønsker å endre innstillingene senere, kan du gjøre dette ved å slette hurtiglagret i din nettleser, eller kontakte oss på [email protected] 

  5. Kvar hentast opplysningane inn frå?

    Normalt blir personopplysningane henta inn direkte frå deg, ved at du besøker vår heimeside. 

  6. Mottakarar av personopplysningane og bruk av underleverandørar

    Vi gir ikkje personopplysningane dine videre til tredjepartar, med mindre vi er rettsleg forplikta til slik utlevering.

    Eduplaytion nyttar underleverandørar (databehandlarar) og lagrar dine personopplysningar i forskjellige skytenester i og utanfor EU/EØS-området. Vi har inngått databehandlaravtalar med våre databehandlarar for å sikre at personopplysningane berre blir behandla i tråd med våre dokumenterte instruksar og i tråd med krava i personvernforordninga.

    I tilfelle vi overføre dine personopplysningar utanfor EU/EØS, gjer vi det berre under EUs standardkontraklausular eller i tilfelle av USA, til selskap som er sjølvsertifisert under Privacy Shield.

  7. Kor lenge lagrar vi personopplysningane vi samlar inn?

    Personopplysningar skal normalt ikkje lagrast utover det som er naudsynt for å oppnå føremålet med behandlinga.

    Vi lagra dine personlege data så lenge du bruker «Numetry» og to år etter at abonnementet er avslutta. Vi gjer dette fordi vi ynskjer å kunne nå deg som tidlegare har nytta tenesta vår med målretta tilbod.

    Dersom lova krev det, kan det hende vi må lagre viss informasjon i ei lengre periode, og vi kan òg lagre informasjon dersom det er nødvendig for å oppfylle vår avtale med deg (i desse tilfella er vår behandling av dine personopplysningar ikkje basert på samtykke, og då kan det heller ikkje trekkast tilbake).

  8. Dine rettar

    Ved å kontakte oss (sjå kontaktinformasjon under) kan du krevje innsyn i, retting av og/eller sletting av dine personopplysningar. Vi har da plikt til å behandle din henvendelse innen 30 dager.

    Du kan og be om å få vite kvifor vi behandlar personopplysningane, namn på eventuelle mottakarar, informasjon om kor lenge opplysningane er venta å bli behandla, og kvar opplysningane stammar frå.

    Du kan når som helst velje å trekke tilbake ditt samtykke, men berre for den delen av vår behandling som er basert på samtykke. I så fall sletter vi brukarkontoen din.

    Du kan lese meir om dine rettar på heimesidene til Datatilsynet. Du har og rett til å klage til Datatilsynet over vår behandling av dine personopplysningar.

es_ES