Numetry – Abonnementsvilkår

1. Om desse vilkåra

Desse abonnementsvilkåra («Avtala») er oppretta av Eduplaytion AS, org. nr.: 921 181 647, («Eduplaytion» eller «vi»). Vilkåra i denne Avtala gjeld for den som har tinga abonnement på vår teneste «Numetry» («Kunden» eller «du»).

2. Bakgrunn og føremål

Eduplaytion leverer eit pedagogisk lærespill kalla «Numetry» for barn frå ni (9) år og oppover («Tenesta»). Føremålet med Tenesta er at barn skal auke sine matematikkkunnskaper.

Kunden kan opprette eigne brukarar på «Numetry», til dømes for eigne barn eller elevar. Denne avtalen regulerer partanes rettar og plikter i samband med kjøp av tilgang til Tenesta.

3. Definisjonar

Kunden
Den som inngår denne Avtala med Eduplaytion, anten ein privatperson eller ei juridisk eining som til dømes ein skule.

Sluttbrukar
Brukarar av lærespillet «Numetry».

4. Aldersgrense og vilkår for å tinge abonnement

For å opprette ein konto eller tinge eit abonnement på «Numetry«, må Kunden vere minst atten (18) år og godtek å vere bunden av vilkåra som føljar av denne Avtala. Dersom ein person på under atten (18) år skal vere Sluttbrukar, må Kunden ha rett til å samtykkje til desse vilkåra på vegne av Sluttbrukaren. Dersom Kunden ikkje godtek desse vilkåra kan ein ikkje nytte seg av Tenesta.

Kunden må gi Eduplaytion korrekte opplysningar om seg sjølv, og det er Kunden sitt ansvar å varsle Eduplaytion ved endra kontaktopplysningar. Kontaktopplysningane kan endrast frå Min side.

Kunden er forplikta til å sikre at brukarnamn og passord for tilgang til Tenesta blir lagra på ein slik måte at uvedkomande ikkje får tilgang til dei. Kunden skal varsle Eduplaytion med ein gong dersom det fryktast at uvedkomande har fått kjennskap til Kundens passord eller på anna måte har ulovleg tilgang til Kundens brukarkonto.

5. Lisenstillating

Kunden gis hermed ein ikkje-eksklusiv rett til bruk av Tenesta i løpet av avtaleperioda (sjå punkt 11 nedanfor), avgrensa til dei funksjonar som er gjort tilgjengeleg gjennom Tenesta til ein kvar tid. Lisensen gis til ein bestemt namngitt Sluttbrukar, eller til ei viss mengd Sluttbrukarar i samsvar med det som er avtala ved registrering.

Kundar som er privatpersonar gis rett til bruk av Tenesta for ein (1) Sluttbrukar som registrerast når abonnementet tingast. Kvar brukarkonto er personleg og kan ikkje delast med andre. Bruk av Tenesta føreset at Sluttbrukarvilkåra er akseptert.

Kundar som er juridiske einingar gis rett til bruk av Tenesta for det talet Sluttbrukarar som registrerast når abonnementet tingast.

Kunden er ansvarleg for at Sluttbrukaren overheld Sluttbrukarvilkåra. Innhald som bryter med Sluttbrukervilkåra vil kunne bli fjerna etter føregåande varsel. Vi kan og stenge sluttbrukarkontoar midlertidig eller permanent ved brot på Sluttbrukervilkåra. Gjentatte eller grove brot på Sluttbrukervilkåra reknast som vesentleg avtalebrot, og gir Eduplaytion rett til å heve Avtala etter punkt 12.

6. Endring av Tenesta

Eduplaytion har rett til å endre og oppdatere Tenesta når som helst, noko som inneber at Tenestas innhald, struktur, funksjonalitet og søkesystem kan bli endra over tid.

Dersom ei endring av Tenesta ikkje er blitt varsla av Eduplaytion minst ein (1) månad på førehand, og endringa vesentleg øydeleggjar Kunden sin bruk av Tenesta (til dømes dersom undervisningsmaterialet ditt er fullstendig fjerna frå Tenesta), har Kunden rett til å seie opp abonnementet og krevje tilbake ein del av allereie betalt abonnementsavgift som står i høve til det som står att av den pågåande abonnementsperioda. Kunden kan berre krevje tilbake allereie betalt abonnementsavgift dersom også Kunden seier opp abonnementet.

Dersom Kunden held fram med å bruke Tenesta etter at ei endring er gjort, reknast det som ei aksept av endringa, og Kunden kan ikkje framsette krav mot Eduplaytion på bakgrunn av denne endringa.

7. Pris og betalingsvilkår

Pris/abonnementsavgift og betalingsvilkår går fram av [numetry.com] eller i tilbodet som er sendt Kunden.

Dersom Kunden er forbrukar, skjer betaling på forskot. Dersom Kunden har tinga eit gratis prøveabonnement og ikkje seier opp abonnementet (jf. punkt 11) innan utløp av prøveperioda, vil Kunden bli belasta den månadlege abonnementsavgift frå og med den fyrste dagen etter avslutta prøveperiode og fram til abonnementet seiast opp.

Oppseiing av abonnement gir ikkje Kunden rett til å få refundert allereie innbetalt abonnementsavgift.

Ved for sein betaling må Kunden betale purregebyr og forseinkingsrenter.

Prisjusteringar

Ved framtidige prisjusteringar vil Kunden bli varsla på e-postadressa Kunden har oppgitt ved registrering, og Kunden kan velje å avslutte sitt abonnement ved utløp av den pågåande abonnementsperioda. Dersom abonnementet ikkje vert avslutta innan utløpet av den pågåande abonnementsperioda, inneber det at Kunden vil bli belasta den nye abonnementsavgifta frå og med den neste abonnementsperioda.

Angrerett

Dersom Kunden er forbrukar, har Kunden etter Angrerettslova rett til å gå frå Avtala utan å oppgje nokon grunn. Kunden må gi Eduplaytion melding om bruk av angreretta innan fjorten (14) dagar rekna frå dagen etter at abonnementet ble bestilt. Melding om bruk av angreretta kan gis ved å kontakte Eduplaytion [sett inn kontaktinfo, inkludert e-post, post og telefon] ved å gå inn på «Min profil» og «Betalingar». Du kan og bruke standard angrerettskjema som vi sendte deg saman med ordrebekreftelsen.

Ved bruk av angreretta fell partanes plikt til å oppfylla avtalen bort. Dersom Tenesta startar før angrefristen utløp, skal Kunden betala for den del av Tenesta som allereie er utført når Kunden gjer melding om bruk av angreretta (jf. Angrerettslova § 21).

Eigedomsrettar

All funksjonalitet, alt grensesnitt og alt innhald (inkludert all tekst og musikk, alle bilete og videoar og all underliggande data og programvare) som Eduplaytion stiller til rådigheit gjennom tenesta frå tid til anna er å rekne som Eduplaytion sine immaterielle rettar.

Dersom Kunden er ein skule som betalar for lisensar per elev og per lærar, basert på talet elevar og lærarar ved starten av studieåret eller når Avtala blei inngådd, kan registrerte lærarar og elevar skrive ut og kopiere materiale frå Tenesta til bruk i klassen, gruppearbeid og skulerapportar.

Du beheld eigarskap til alt innhald du opprettar ved bruk av Tenesta og all tilbakemelding du elles gir Eduplaytion («Brukarinnhald»), men ved å inngå denne Avtala gir du Eduplaytion ein uavgrensa, ikkje-eksklusiv lisens til å bruke slikt innhald med hensikt om å vidareutvikle og marknadsføre Tenesta, inkludert retta til å endre Brukarinnhaldet og vidarelisensiere det til ein tredjepart. Du erkjenn og samtykker til at denne lisensen vil halde fram sjølv om Avtala blir sagt opp, uavhengig av årsaka til oppseiinga.

Varigheit, oppseiing og avslutning

Tenesta reknast som levert når Kunden eller Sluttbrukaren har fått tilgang til Tenesta etter at registreringa er fullført og Avtala er akseptert. Dersom Kunden er ei juridisk eining, reknast Tenesta som levert så snart detaljar for tilgang til Tenesta er sendt på e-post til kontaktpersonen Kunden har oppgitt ved registrering.

Abonnementet er gyldig inntil det blir sagt opp av Kunden eller Eduplaytion. Både Kunden og Eduplaytion har rett til å seie opp Avtala når som helst og utan særskilt grunn. Kunden kan avslutte abonnementet ved å logge inn på «Mine sider» med påloggsdetaljer sendt via e-post ved registrering, eller i ettertid av Eduplaytions kundestøtte. Eduplaytion kan ikkje stadfeste oppseiing om Kunden sender e-post eller via annan kanal førespør oppseiing.

Dersom Kunden seier opp abonnementet, utløp abonnementet og retta til å bruke Tenesta når den pågåande abonnementsperioda utløp. Oppseiing av abonnementet gir ikkje Kunden rett til å få refundert allereie innbetalt abonnementsavgift.

Dersom Kunden bruker Gratistenesta, utløp retta til å bruke Tenesta med det same Kunden seier opp.

Misleghald og Ansvar

Ved misleghald av Avtala, kan Eduplaytion straks og utan varsel mellombels stenge tilgangen til Tenesta. Kunden er ansvarleg for betaling av Tenesta, sjølv om den skulle stengast grunna misleghald. Vesentleg avtalebrot gir også Eduplaytion rett til å heve Avtala og krevje erstatning.

Kunden kan krevje erstatning for direkte økonomisk tap som skuldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Eduplaytion godtgjer at mangelen skuldast hindring utanfor Eduplaytions kontroll. Indirekte tap vert ikkje erstatta i nokon tilfelle. Indirekte tap omfattar mellom anna tapt forteneste, tapt sparing, tapt renommé, tap av data og driftstap. Eduplaytion sitt samla erstatningsansvar er i kvart tilfelle avgrensa til vederlaget Kunden har betalt Eduplaytion dei siste seks (6) månadene før kravet vert framsett. Krav om erstatning skal sendast skriftleg til Eduplaytion innan ein (1) månad etter at feilen blei eller burde ha blitt oppdaga.

Ved vesentleg misleghald frå Eduplaytion si side, kan Kunden heve Avtala.

Behandling av personopplysningar

For å kunne levere Tenesta, behandlar Eduplaytion personopplysningar om Kunden og Sluttbrukaren. All behandling av personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk. Du kan lese meir om korleis vi behandlar dine personopplysningar og kva for personopplysningar som behandlast, i vår personvernerklæring.

Overdraging av rettar og pliktar

Kunden kan berre overdra sine rettar og plikter etter Avtala med skriftleg samtykke frå Eduplaytion. Eduplaytion kan overdra sine rettar og plikter etter denne Avtala til ei anna verksemd. Den verksemda som får rettar og plikter overdratt, har rett til tilsvarande vilkår som i denne Avtala, såframt rettane og pliktene i Avtala vert overdratt samla.

Retta til vederlag etter denne Avtala kan fritt overdragast. Slik overdraging fritar ikkje vedkomande part frå hans forplikting og ansvar.

Force majeure

Skulle det inntreffe ein ekstraordinær situasjon som ligg utanfor partane sin kontroll som gjer det uråd å oppfylle plikter etter denne Avtala og som etter norsk rett må reknast som force majeure, skal motparten varslast om dette så raskt som mogleg. Forpliktingane til den ramma parten vert suspenderte så lenge den ekstraordinære situasjonen varer. Motytinga frå den andre parten vert suspendert i same tidsrom.

Force majeure kan vere, men er ikkje avgrensa til krigsutbrot, terror, streik, lockout og naturkatastrofar.

Gjeldande lov og tvisteløysing

Partane sine rettar og plikter etter denne Avtala vert i heilskap fastsette etter norsk rett.

Tvistar som oppstår som følgje av denne Avtala mellom Kunden og Eduplaytion skal avgjerast av norske domstolar, med verneting i Bergen.

Dersom Kunden er forbrukar, kan det rettes ei klage til Forbrukarrådet.

Sluttbrukarvilkår

Eduplaytion leverer eit pedagogisk lærespill kalla «Numetry» for barn frå ni (9) år og oppover («Tenesta»). Føremålet med Tenesta er at barn skal auke sine matematikkkunnskaper.

Desse sluttbrukarvilkåra («Vilkåra») gjeld for din bruk av Tenesta. Tenesta er levert av Eduplaytion AS, org. nr.: 921 181 647, («Eduplaytion» eller «vi»).

Ansvar for innhald

Vi er ikkje ansvarleg for innhald som delast gjennom Tenesta. Du har sjølv ansvar for at innhald du delar ikkje:

Er misvisande, villande eller på andre måtar feilaktig;

Krenker andre sine opphavsrettar eller andre immaterielle rettar;

Utgjer sensitive personopplysningar;

Er støytande eller krenkjande

Innhald som fell inn under nokon av de nemnde kategoriane vil kunne bli fjerna frå Tenesta etter føregåande varsel. Brukarkontoen kan og bli deaktivert mellombels eller permanent ved brot på denne føresegna.

Dersom du har grunn til å anta at din konto er misbrukt av andre, plikter du å informere Eduplaytion om dette.

Personopplysningar

For å kunne levere Tenesta, behandlar vi dine personopplysningar. All behandling av personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk. Du kan lese meir om korleis vi behandlar dine personopplysningar og kva for personopplysningar som behandlast, i vår personvernerklæring.

Vi brukar i tillegg informasjonskapslar (såkalla «cookies») for å tilpasse Tenesta til brukaren, og til å føre statistikk over korleis Tenesta brukas. Ei fullstendig oversikt over alle informasjonskapslar vi bruker, finn du her.

Sluttbrukarlisens

Vi eig alle rettar til Tenesta. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til konsept, design, varemerka, know-how, forretningsløyndommar, opphavsrett og andre immaterielle rettar.

Ved aksept av desse Vilkåra gis du ein ikkje-eksklusiv rett til bruk av Tenesta i løpet av avtaleperioda, avgrensa til de funksjonar som er gjort tilgjengeleg gjennom Tenesta til ein kvar tid. Bruksretta gir ikkje rett til å modifisere, reprodusere, kopiere eller etterlikne programvara eller andre deler av Tenesta.

Vi vil foreta regelmessig oppdatering av Tenesta. Slike oppdateringar inkluderer ikkje nødvendigvis alle tilgjengelege funksjonar som var i den tidlegare versjonen.

Oppseiing

Du kan når som helst avslutte Tenesta ved å deaktivere din konto.

Endringar av Vilkåra

Eduplaytion forbeheld seg retta til å endre desse Vilkåra frå tid til anna. Ved slik endring vil du bli varsla og få tretti (30) dagars frist til å akseptere dei nye Vilkåra. Dersom du ikkje aksepterer dei oppdaterte Vilkåra innan tretti (30) dagar, kan vi avslutte din brukarkonto.

Tvistar

Partane sine rettar og plikter etter denne Avtala vert i heilskap fastsett etter norsk rett.

Bergen er verneting for tvistar som ikkje lar seg løyse i minnelegheit. Dersom du er en forbruker har du i tillegg moglegheit til å klage til Forbrukaerrådet, sjå https://www.forbrukerradet.no/klageguide/.

Kontaktinformasjon

Eduplaytion AS

Org. nr. 921 181 647

E-post: [email protected] | Web: www.numetry.no

Post- og besøksadresse: Solheimsgaten 7C, 5058 Bergen

en_US