skaparlyst MELLOM DEI SJU FJELL
Numetrys hovudkvarter held til i vakre og regnfulle Bergen by. Frå våre lokalar ved Media City, samarbeider vi med erfarne matematikklærarar og dyktige spelutviklarar frå ei rekke land om å utvikle løysningar som kan glede born over heile verda.
Dagens born veks opp i ein digital revolusjon. Åtte av ti spelar i dag dataspel regelmessig, og ferske rapportar understrekar at spel er noko av det som kjem til å prege bornas undervisningskvardag i nær framtid. Gjengen bak Numetry sit no førarsetet når det kjem til utvikling av spennande spel som ei læringsform.
Numetry kombinerar det beste frå skulen og videospel, og er utvikla av born, lærarar, foreldre og nokre av dei dyktigaste speldesignarane i verda.
Vi veit at borna elsker å spele, men at ikkje alle elsker matematikk. Derfor har vi laga ei djup speloppleving med pedagogiske og artige utfordringar for at born skal lære matematikk på ein heilt ny måte.
Dette er spelet vi vaksne skulle ønskje eksisterte då vi gjekk på skulen. Og det er spelet der borna spelar og har det moro utan å tenke over at dei faktisk lærer nye ting.
Foreldre ønskjer å investere i bornas framtid, men mange føler nok at det er vanskeleg å få tid til å motivere matematikklæring.
Jakob
6. klasse
Per
7. klasse
William
6. klasse
Didrik
5. klasse
Mannskapet på Magellan svarer deg gjerne på henvendelser rundt reisen til Matema-galakasen.